Copyright © Helse Finnmark HF 2010
|Ansvarlig redaktør: Ivar Greiner
Helse Finnmark HF, 9616 Hammerfest Sentralbord: 78 42 10 00E-post: postmottak@helse-finnmark.no
Frå januar 2008 har vi tilbydt stabiliseringsgruppe i Alta.
Ei stabiliseringsgruppe er ei gruppe for personar som har opplevd menneskepåførte traumer, og som har traumerelaterte plager i dag. Eksempel på slike plager er mareritt, gjenopplevlser, skvettenhet, følelses-nummenhet, søvnproblem osv.
Det å drive stabiliseringsgrupper er relativt nytt i Norge, og i forbindelse med at vi har starta opp dette tilbudet, er det igangsatt eit forskingsprosjekt. Prosjektet blir drevet av psykolog Signe Hjelen Stige, og fokuserer på korleis deltakarane i gruppa har opplevd eigen endringsprosess, og det å delta i stabiliseringsgruppa. Det å få systematisert erfaringane til klientane er svært viktig for å få betre forståelse av korleis brukerane våre opplever behandlingstilboda vi gir, og er ei forutsetning for å kunne utvide kunnskapshorisonten vår, og stadig forbedre behandlingstilbodet vårt. I tillegg blir individualbehandlarane på poliklinikken intervjua i forhold til erfaringane med stabiliseringsgruppa frå eit behandlarperspektiv.
Prosjektet er godkjent av Regional etisk komitte (REK), og Personvernombudet for forskning (NSD). Datainnsamlingsperioden er planlagt å ver fram til sommaren 2011, og prosjektet vil bli ferdigstilt innen 2013. Helse Nord og Helse Finnmark har støtta prosjektet med driftsmiddel i 2009.
Alle som har deltatt i stabiliseringsgruppa vil få eit brev i posten etter dei har fullført gruppa, der dei blir spurt om deltagelse i prosjektet. Dersom ein ynskjer å delta, vil ein bli innkalla til 2 intervju. Eit intervju rett etter gruppa har slutta, og eit intervju eit år etter. Fokuset vil vere på korleis ein har opplevd eigen endringsprosess over tid, og korleis ein har opplevd det å gå i gruppa. Det er opplevelsane til deltakarane vi er opptekne av, og vi ynskjer difor å få med så mange som mulig i prosjektet, slik at vi får fanga opp eit bredt spekter av kva deltakarane har opplevd som nyttig, mindre nyttig og forslag til forbedringar og endring.
Copyright © Helse Finnmark HF 2010
|Ansvarlig redaktør: Ivar Greiner
Helse Finnmark HF, 9616 Hammerfest Sentralbord: 78 42 10 00E-post: postmottak@helse-finnmark.no